Lilly, Rosmari og Hjarterknekt

Tom Roger Aadland

0 fans

Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland (born 26 April 1964) is a Norwegian lyricist and musician. more »


10:08

 Become A Better Singer In Only 30 Days, With Easy Video Lessons!

Marknaden var over no gutane dei hadde eitkvart på lur
Alt var stilt i festlokalet bortsett ifrå boring i ein mur
Forbodet var oppheva og lykkehjulet stengd
Kvar mann ved sans og samling hadde dratt for lengst
Då stod han der i døra og såg ut som Hjarterknekt

Han skritta over golvet bort til spegelen og sa "Set alt på meg"
Og så heldt alle saman fram med det dei gjorde før dei snudde seg
Så gjekk han bort til ein framandkar og spurde med eit smil
"Kan du sei meg ven når underhaldninga tek til "
Så flytta han seg til hjørnebordet fjeset vendt som Hjarterknekt

Jentene dei spelte poker attom scenen der som trappa var
Lilly håpa på ei dronning ho hadde allereie par
Ute fyltest gatene av folk som strøymde til
Ein bris kom gjennom vindauget han var så linn og mild
Lilly satsa endå meir og trekte Hjarterknekt

Stor Jo var ingen tosk han åtte gruva kvar ein diamant
Han kom inn slik han alltid gjorde kleddkostbart og så elegant
Med livvaktar og sølvstokk og kvart hårstrå fint på plass
Han tok det som han det ville ta og køyrde det i dass
Men livvaktar og sølvstokk det var ingenting mot Hjarterknekt

Rosmari børsta håret sitt og drog til by'n ho var eit synd å sjå
Ho smaug inn gjennom sidedøra som ei dronning utan krone på
Ho flagra litt med vippene og kviskra full av list
"Orsak Pus at eg er sein" men han høyrde ho ikkje visst
Han stirde ut i lufta i retning Hjarterknekt

Stor Jo tenkte med seg sjølv "Eg veit at eg har sett han før ein stad
Kanskje på eit bilete kan hende nede i Christiania"
Så vart ljosa dempa folk trampa og dei lo
Og i mørkret der i rommet var det berre han og Jo
Dei stirdesommarfuglen som trekte Hjarterknekt

Lilly var prinsesse ho som barn så var ho alltid lys og lett
Ho gjorde det som måtte til eit smil som hennar hadde ingen sett
Ho kom ifrå ein oppløyst heim og sjølv så stod ho i
Med menn ho reiste land og strand med før det blei forbi
Men aldri hadde ho møtt nokon som var heilt som Hjarterknekt

Domaren kom inn då ingen såg det og blei bydd på vin og mat
Boringa i muren stoppa opp men ingen stussa der dei sat
Alle visste godt at Lilly hadde Jo sin ring
Og mellom dei to skulle aldri kome nokon ting
Nei aldri noko bortsett frå kan hende Hjarterknekt

Rosmari ho drakk tettare og spegla seg i bladet på ein kniv
Ho var lei av all oppmerksemda lei av rolla som Stor Jo sin viv
Ho hadde prøvd det meste jamvel sjølvmord ein gong
Ville gjera ei god gjerning før ho song sin svanesong
Ho såg rakt inn i framtida og reid høgt på Hjarterknekt

Lilly vaska andletet tok kjolen av og la han skundsamt vekk
"Slapp du opp for hell " sa ho og lo
"Eg visste vel at det var slik det gjekk
Veggen her er nymåla ver varsam når du går
Det er godt å sjå du er i live som ein helgen der du står"
Nede i gangen kom det fottrinn etter Hjarterknekt

Sjefen i kulissane gjekk att og fram med kvilelause steg
"D'er noko her som ikkje stemmer"
Sa han "Eg kan kjenne det lang veg"
Han ville hente domaren men domaren lukta sprit
Medan han som spelte hovudrolla pilte hit og dit
Ingen spelte rolla si betre enn Hjarterknekt

Lilly heldt rundt mannen som ho elska og trykte han inn til seg
Gløymd var han som hundsa henne mannen som ho hata inderleg
"Eg har sakna deg slik" sa ho og han trudde henne trygt
Men rett utanfor døra kjende han sjalusi og frykt
Berre ei anna natt i livet til Hjarterknekt

Ingen visste omstenda men dei sa det skjedde nokså kvikt
Garderobedøra fauk opp og så høyrdest eit revolverklikk
Der synd å sei at Stor Jo verka særlig overgitt
Rosmari ho stod attmed han så stø i blikket sitt
Ho var saman med Stor Jo men helte litt mot Hjarterknekt

To dører lenger nede kom dei gjennom muren endeleg
Dei gjorde reint bord i kvelvet ein kan sei at strevet svarte seg
Ved elvebreidda venta dei alt var mørkt og stilt
På han som hadde sagt han måtte gjera ein ting til
For dei kunne ikkje fortsetje ikkje utan Hjarterknekt

Henginga var neste dag mørke skyer låg der som ei bør
Stor Jo låg tildekt drepen av ein brevkniv dagen før
Rosmari som i galgen stod ho blunka kje ein gong
Og domaren var edru no han hadde ingen trong
Den einaste som ikkje var til stades der var Hjarterknekt

Festlokalet det var tomt eit skilt sa "Opnar att om litt"
Lilly hadde allereie teke fargen ut av håret sitt
Ho tenkte litt på far sin som ho ikkje hadde sett
Ho tenkteRosmari og på lov og rett
Men mest av alt så tenkte ho på Hjarterknekt

 Become A Better Singer In Only 30 Days, With Easy Video Lessons!

Written by: BOB DYLAN

Lyrics © Universal Music Publishing Group

Lyrics Licensed & Provided by LyricFind

Discuss the Lilly, Rosmari og Hjarterknekt Lyrics with the community:

0 Comments

    Citation

    Use the citation below to add these lyrics to your bibliography:

    Style:MLAChicagoAPA

    "Lilly, Rosmari og Hjarterknekt Lyrics." Lyrics.com. STANDS4 LLC, 2024. Web. 28 Apr. 2024. <https://www.lyrics.com/lyric-lf/8534940/Tom+Roger+Aadland/Lilly%2C+Rosmari+og+Hjarterknekt>.

    Missing lyrics by Tom Roger Aadland?

    Know any other songs by Tom Roger Aadland? Don't keep it to yourself!

    Browse Lyrics.com

    Quiz

    Are you a music master?

    »
    What was Taylor Swift's first ever song?
    A Tim McGraw
    B Teardrops On My Guitar
    C Picture To Burn
    D A Place In This World

    Free, no signup required:

    Add to Chrome

    Get instant explanation for any lyrics that hits you anywhere on the web!

    Free, no signup required:

    Add to Firefox

    Get instant explanation for any acronym or abbreviation that hits you anywhere on the web!

    Tom Roger Aadland tracks

    On Radio Right Now

    Loading...

    Powered by OnRad.io


    Think you know music? Test your MusicIQ here!